Velkommen til Millennium Cowork

Vi skal skape tusen gode grunnar til å trivast på arbeidsplassen.

Millennium Cowork er eit kontorfellesskap under etablering. Lokalisert ved det vi meiner er ein av dei vakraste fjordane på Sunnmøre, byr det på ein nydeleg utsikt over fjord og fjell. 

 

Vårt mål er å skape eit fellesskap der du som kunde opplev inkludering og kvalitet.

Illustrasjon Fasade vinter

Våre ulike kontorløysingar

Designveileder Millennium 10

Individuelle kontor

Vi tilbyr individuelle kontorlokale i ulik storleik. Her får du høve til å arbeide uforstyrra samstundes som du nyttar fordelane ved å vere ein del av eit fellesskap. 

Designveileder Millennium 2

Kontorlandskap

Kontor i opent landskap er perfekt for deg som jobbar åleine eller som ønskjer å tilbringe nokre dagar i veka på kontoret. Reserver ein skrivepult som du kan nytte enten på fast basis eller som drop-in.

Designveileder Millennium 6

Avdelingskontor

Våre avdelingskontor er skapt for dei som treng plass til heile teamet. Med skreddarsydde lokalar får de ein eigen avdeling som er tilpassa bedrifta sitt behov.

Designveileder Millennium 1

Møterom

Våre møterom har plass til opptil 12 personar og ligg i rolege omgivnader. Book eit møterom når kundane kjem på besøk eller når bedrifta skal ha møte. Med moderne utstyr og enkel tilkopling blir det lett å gjennomføre både fysiske og digitale møte.

Kafé Millenium

Kafé

Til hausten opnar vi vår eigen kafé, der me legg vekt på ferske, lokale råvarer og eit mangfaldig utval av sunn og god mat. Kaféen vil sjølvsagt vere open for alle, og vi håpar den vil bli eit sosialt samlingspunkt.

Takeaway

Bestill takeaway og kos deg med maten der det passar deg! Med vår eigen takeaway-meny har du eit mangfaldig utval å velje frå. Førehandsbestill ein næringsrik frukost på veg til jobb, eller bestill ferdig lunsj når det passar deg.

Events

Lokala våre er perfekte for ditt neste jobb eller private arrangement. Moderne og innbydande lokale skaper den perfekte stemninga, og vi hjelper deg gjennom heile arrangementet. Millenium Kafé leverer mat, drikke og hyggjeleg personale som sørgjer for at de får eit fint arrangement.

 

Designveileder Millennium Kafè 2