Millennium Cowork

Tusen gode grunnar til å trivast på arbeidsplassen

Vi tilbyr moderne og fleksible kontorløysingar for små og mellomstore verksemder. På 1700 m² fordelt over tre etasjar finn du lyse kontor, møterom, samtalerom og ein triveleg kafé – alt du treng for å jobbe effektivt og trivast i kvardagen.

Hos oss kan du leige kontor eller møterom som er skreddarsydd dine behov – enten du treng ein fast arbeidsplass, eit roleg rom for møter, eller berre eit godt miljø å vere i. Her legg vi til rette for at både kreativitet og produktivitet skal få blomstre.

2511010 Millennium Co Work 12
251115 Millennium Co Work 23
251115 Millennium Co Work 26
251106 Millennium Co Work 7

Individuelt kontor

Treng du eit kontor der du kan jobbe i ro eller ta imot gjestar? Då passar dei individuelle kontora våre godt. Dei er tilpassa ein person med plass til ein gjest. Du kan velje mellom drop-in (dagsleige) eller fast leige (månad eller år).

7m²
Kort- og langtidsleige

Ope landskap

Jobb saman med andre i eit levande, inspirerande og opent kontorlandskap. Du kan velje mellom drop-in (dagsleige) eller fast (månadsleige eller årsleige).

Kort- og langtidsleige

Eiga avdeling

Treng du plass til heile teamet? Då kan du booke eit eget avdelingskontor eller fløy hos Millenium, slik at de kan arbeide uforstyrra men samtidig saman. Få alle fordelane med å jobbe i ei inspirerande sone saman med dine kolleger, og i tillegg ha tilgang til alt av fasilitetar som bygget har å by på.

Langtidsleige
Ta kontakt for tilpassing av kontor

Møterom

Møteroma våre kan bookast av alle, uavhengig av om du har arbeidsplass hos Millennium. Med ulike storleikar finn du alltid eit møterom som passar dine behov. Inviter kundar eller kollegaer inn til eit lyst og inspirerande møterom i rolige omgivnader.

Ulike storleikar: 2-60 personar

Prisliste Cowork

Ope landskap
kr 350/dag
kr 3.500/mnd
kr 35.000/år
Individuelt kontor
kr 500/dag
kr 5.000/mnd
kr 50.000/år
Eiga avdeling
Etter nærare avtale

Ta del i cowork-miljøet vårt!

Stort kontor 1 1

Fasilitetar

 Straum
•  Raskt internett
•  Skjermdeling i møterom
•  Kaffi og vatn
•  10% rabatt i Millennium Kafé
•  Vask og støvsuging
•  Veranda
 Parkering
•  Stillerom
•  Printer
•  Postkasse

Har du spørsmål?