


Sjå meny og bestill
Millennium Kafé
Med hjarte for mat
Kaféen vår er open for alle som vil stikke innom, enten du vil finne ro, møte folk eller berre nyte noko godt. Senk skuldrane og nyt utsikta – mot havet og båttrafikken, eller mot fjella og gatene i Hareid sentrum.
Vi tilbyr herlege lunsjrettar, fersk bakst, frisk jus og kaffi i mange ulike smakar. Det aller meste lagar vi frå botnen av, og vi har eit godt utval av allergivennleg mat, slik at alle skal kunne finne noko som freistar.
For dei minste har vi eit eige leikeområde i kaféen, der barna kan teikne eller pusle medan dei ventar på maten – eller medan dei vaksne nyt kaffien sin.
Du finn oss i første etasje på Millennium – Velkomen!
Vil du sikre deg eit bord i kaféen?
Kafé
Catering
Takeaway
Til kvardags, fest og alt imellom

Selskapslokale
Viste du at du kan booke vinterhagen i kafeen til ditt neste selskap? Her kan dykk sitje skjerma til og nyte omgivnadane og maten i dykkar tempo. Ved større selskap har vi eit lokale som heiter Spirehagen som ligg i 2. etg. Ta kontakt ved interesse :)

Møtepakkar
Skal du arrangere møte, frukostsamling eller kurs hos oss? Vi har møtepakkar frå enkel kaffiservering til komplette dagspakkar med lunsj, snacks og påfyll gjennom heile dagen.

Catering- og selskapsmeny
Vi tilbyr smakfulle selskapsmenyar til arrangementer, dåp, konfirmasjon og andre markeringar – enten du leiger lokaler hos oss, eller ønskjer maten levert som catering.

Minnestund
Spirehagen er eit innbydande og religionsnøytralt lokale, godt eigna til minnestunder. Vi tilbyr meny for mat og kaker og ordnar alt frå pynting til rydding, slik at du kan bruke dagen på det som betyr mest.
Bestilling til møte og arrangement




