Arrangement

TEST: Jobbmoglegheiter i Hareid

Hareid

21. januar

09:00 - 15:00

Om arrangementet

Er du student, utflytta sunnmøring, arbeidssøkar, eller berre interessert i å vite meir om moglegheitene ved å bu og jobbe her i Hareid? Då må ta turen til Millennium Cowork onsdag 13. august.

Millennium Cowork og Vekst i Hareid vil invitere deg til Jobbmoglegheiter // Hareid. Her vil eit utval av bedriftene i Hareid få presentere seg og jobbmoglegheitene dei ser føre seg dei komande åra. Kommunen vil stå på stand og gi deg mange gode grunnar til å kome til Hareid. Og dersom du er nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Millennium Cowork kan du få ei omvisning på bygget.

Program

08:30: Dørene opnar – enkel servering
09:00: Programmet startar. Velkomst og ti bedriftspresentasjonar.
12:00: Lunsj
13:00: Speed dating. Her får du sjansen til å snakke på tomannshand med representantar frå dei ti bedriftene. Påmelding i løpet av lunsjen.
13:00: Hareid kommune og fleire bedrifter står på stand. 

Næringslivet og kommunen stiller, og det håper vi du også gjer! Meld deg på!