Millennium Kafé
Med hjarte for mat
Kafeen vår er open for alle som vil stikke innom, enten du vil finne ro, møte folk eller berre nyte noko godt. Senk skuldrane og nyt utsikta – mot havet og båttrafikken, eller mot fjella og gatene i Hareid sentrum.
Vi tilbyr herlege lunsjrettar, fersk bakst, frisk jus og kaffi i mange ulike smakar. Det aller meste lagar vi frå botnen av, og vi har eit godt utval av allergivennleg mat, slik at alle skal kunne finne noko som passar.
For dei minste har vi eit eige leikeområde i kafeen, der barna kan teikne eller pusle medan dei ventar på maten – eller medan dei vaksne nyt kaffien sin.
Du finn oss i første etasje på Millennium – Velkomen!
Spis inne
Uteservering
Takeaway
Følg oss gjerne på Instagram for å halde deg oppdatert
Kontaktperson for kaféen
Thor-Erik Andersen
Tlf: +47 976 97 840
E-post: kontakt@millenniumkafe.no